Suggestions
Guro Valland
Bergensavisen (BA)
Guro Valland is the Ansvarlig redaktør (Responsible Editor) and administrende direktør (Managing Director) at Bergensavisen, a prominent newspaper in Norway. She is based in Bergen and has a background in education from the Freie Universität Berlin. Valland has over 500 connections on LinkedIn, indicating a robust professional network within the media industry. Her role involves overseeing editorial content and managing the operational aspects of the newspaper, contributing to its strategic direction and public engagement.
Highlights
Av totalt 88 Amedia-redaktørar er berre 20 kvinner, melde Medier24 førre veke. Tala er pinleg låge. Sjølv er eg ikkje inkludert i statistikken fordi eg er i foreldrepermisjon med vårt tredje barn, noko Amedia for øvrig applauderte.
Me må også hugsa på at mennene som får statistikken til å sjå dårleg ut, er dyktige redaktørar og kollegaer. Nokre av dei har sete lenge, andre er ferske, men bør gjerne sitja mykje lengre, sjølv om det er dumt for Amedia sine tal.
Den aller viktigaste jobben for å sikra kvinnelege redaktørar skjer ikkje frå toppen i Amedia, men i eigne redaksjonar.
Heilt konkret: Bruka hovudet til å identifisera kvinnelege talent. Kjenna ansvaret for å følgja dei opp og utnytta makta vår ved å tilsetja dei.
Dette skriv eg om i Medier24 i helga. Heile innlegget kan du lesa under. Opent for alle.
Her og der høyrer eg om folk som vegrar seg for å få barn, dersom dei skal klatra den såkalla stigen i arbeidslivet. Det er liksom aldri rett timing, og kva viss og om og dersom, og alle desse spørsmåla.
At barn står i vegen for ein innhaldsrik karriere. At barn vil skapa barrierer i staden for moglegheiter. At ein mister seg sjølv.
Noko er kanskje rett. Noko er kanskje feil. Kjensler du eig er uansett dine, og nokre gonger er det andre ting i livet og karrieren som vert viktigare etter at du får barn.
Men nokre gonger er det farten frå ein oppegåande arbeidsgjevar som trengst for å setja retning. Farten frå ein arbeidsgjevar som ikkje problematiserer, men naturlegvis gratulerer. Dette ordnar me!
Same kva du driv med, slik skal det vera.
Sjølvsagt skal kvinner og menn i periodar vera vekke frå jobb fordi dei har ein annan viktig jobb å gjera.
Sjølvsagt kan det oppstå kronglete svingar som følgje av at du er vekke, men du skal jo tilbake. Rimeleg rå på prosjektleiing og logistikk vert du også.
I tillegg er det rom for at andre kan få prøva seg i nye roller når du er i foreldrepermisjon, og slikt er bra for eit moderne arbeidsliv.
Og eit moderne arbeidsliv tilpassar seg utfordringar undervegs. Me er jo agile, leane og itererer. Aldri noko nullsumsspel, dette.
Å klara å setja eit liv til jorda, eller aktivt å la vera, er uansett eit høgst personleg val. Men dersom det vert barn, er det heilt vesentleg at arbeidsgjevar meistrar å omsetja spelereglane for eit inkluderande arbeidsliv i praksis.
Ein sjef og tre som får både eitt, to og fire barn. Som leverer og hentar i barnehagen. Menn i foreldrepermisjon lenger enn minstekravet, kvinner som faktisk tek ammefri, og alle foreldre som berre eig heile situasjonen som den mest naturlege ting i verda. Naturlegvis.
I desse dagar går eg sjølv ut i foreldrepermisjon fordi me ventar vårt tredje barn. Noko så fantastisk! Ja, nett so e da.
Eg har ein arbeidsgjevar som applauderer valet og legg til rette for at det skal vera mogleg, og eg har rause kollegaer som tek ansvar når eg er vekke. Dette er døme til etterfølging, for truleg er eg heldig stilt.
Eg veit eg kjem til å sakna jobben min, men eg veit også at eg gler meg som ein liten unge til å verta kjend med den nye vesle.
Tid er det kanskje aldri nok av, men det skal alltid vera nok tid til dei viktigaste tinga.
